Vann- og miljøteknikk (VA) (FTK03D)

VannProsessteknikk med med fordjuping i Vass- og miløteknikk er innretta spesielt på utfordringane innan kommunal vatn og avløpsteknikk, men kan også vera aktuelt for andre som arbeider med tilsvarande problemstillingar.

Deltid over 3 år
Studiet er eit 2-års studium som blir tilbudt på deltid over 3 år, slik at det er mogleg å vera i arbeid under studiet, men arbeidsgjevar bør vera fleksibel.

Samlingar (Fysisk / videokonferanse / videostreaming på dagtid) og nettbasert
Studiet er basert på samlingar og utstrakt bruk av internettbasert læringsplattform.
Samlingane vil vera fysiske og / eller via videokonferanse.
Opptak av forelesningar / samlingar blir lagt tilgjengeleg på den internettbaserte læringsplattforma.

Studiet blir lagt opp slik at også studentar frå andre stader i landet kan følgje undervisninga.

Det er lagt opp med samlingar i Trondheim / Orkdal for laboratoriearbeid og anna praktisk arbeid, men etter avtale kan dette bli gjort i samarbeid med lokal skole.

Dersom ei gruppe studentar ønskjer slike lokale samlingar for praktisk arbeid, vil Chr. Thams fagskole ta seg betalt for ekstrautgiftene som dette fører med seg.

Produktark prosessteknikk Vann- og miljøteknikk
Studieplan Prosessteknikk - fordypning Vann- og miljøteknikk
Læreplan for valgfag i vann/avløp

Neste planlagte oppstart høsten 2020
Søknadsfrist 15. april

Søknaden registreres på http://www.fagskoleopptak.no/. Husk å sende kopi av vitnemål etc. direkte til skolen innen 20. april.

For nærare informasjon, ta kontakt med Chr. Thams fagskole:
 72495200 eller 728 11 068

Aktuelle lenker:

Logo STFK